Båtplassar til sals for båtar 38-50 fot.
4 m bredde kr 108.000,-
5 m bredde kr 135.000,-
6 m bredde kr 162.000,-
Båtplassane gjeld ved ny betongbrygge.
Pris er inkl. 10 m gangbru.
Kontakt:
Havnesjef: 412 89 462
Leiar : 915 82 462
Hamna har god plass både ved fast kai og på flytebrygge. Sanitæranlegg med WC, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Diesel og bensinpumpe i hamna. Parkeringsplass for bubil samt område for telt. Tilgang på slipp ved behov. Hamna er tilrettelagd personar med nedsatt funksjonsevne.
1,5 km til Husnes Storsenter. Trillebag er tilgjengeleg hos oss.
Flott badestrand og leikeplass for barna. To grillhytter er tilgjengeleg i hamna.
Tennis, fotball, golf- og sandvolleyballbane ligg også i hamna.
Nærleik til turområder og gratis utlån av diverse sportsutstyr og leiker, inkludert maxi-sjakk!
Velkomen til oss!
Hamna har ei godt merka innsegling. Båtar med djupgåande >1 m bør følge anbefalt innsegling i sjøkart (bildet er kun for illustrasjon).
Seglingshøgde under høgspent er 20 meter.
Fast kai nord i hamna vert grunn ved låg vannstand og anbefales ikkje for båtar med djupgåande >1 m. Desse rådas til å nytte flytebryggene lengst sør i hamna.
Me er leverandør av drivstoff levert av Jæren Olje.
I hamna kan du fylle både diesel og blyfri 98.
Klikk her for oppdaterte prisar!
I området finn du både golfbane, tennisbane, volleyballbane og fotballbane, samt eit stort sjakkbrett!
Frå hamna kan du gå tur til Bremstølen, Nordfjell, Mjelkhaug eller Kaldestadåsen - for eksempel.