|
I Husnes
Båtlag er det over 200 faste båtplasser. I tillegg er det i overkant av
600 meter med gjesteplassar.
Klubbhus med toalett, dusj,
vaskemaskin og tørketrommel er til disposisjon for våre gjester.
Servicebygget vårt inneheld fire dusjer, tre ordinære toalett og
eit toalett tilrettelagt for bevegelseshemma. Samt vaskerom med to
vaskemaskiner og to tørketromler.
Vi har heis på kaien, om
nokon av våre gjester skal behøve hjelp til å koma seg ombord eller på
land. Det er laga feste til denne to stadar i havna, slik at den kan
flyttast.
Lunt og fint område med
grillplass er tilrettelagt. I tillegg er det to grillhytter.
Danseplatting er bygd opp og
står til disposisjon for dei som vil ta seg en svingom i sommernatta.
Det finnes òg tennis-,
volleyball-, og fotballbane. Vi har òg laga til sjakk i storformat, for
dei som liker å ta eit slag.
Skulle nokon ønske å kaste
hestesko eller spela kubb, kan man få låna dette også.
Kvinnherad Golfklubb ligg
like ovanfor båthavna, så dersom det skulle finnast golf-entusiastar
blant båtfolket, kan dei ta turen til Husnes Båthavn.
Her trivs dei fleste.
HUSNES er Kvinnherad
kommunes største tettstad.
Her ligg Sunnhordlands
største handle senter.
Du finn det meste du skulle
trenge her i over 50 butikkar, helsesenter, fleire restaurantar, idrettsanlegg,og offentlege kontor.
Husnes sentrum ligg idyllisk til ved Opsangervatnet.
|